Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • biologi 1
  • biologi 2

Kan planter bevege seg?

Planter står fast i jorda, men kan dei likevel bevege seg?

 

1.12 Do plants move NN

Vis grubleteikninga til elevane. PDF: bokmål nynorsk

Les høgt dei ulike utsegnene eller la elevane lese dei sjølve. 

Bruk  tenk-par-del  der kvar enkelt elev først tenker gjennom kven han/ho er mest einig med. La dei så fortelje kvarandre to og to kva dei tenker. Be dei om å grunngi kvifor dei tenker som dei gjer. La til slutt nokre av elevane fortelje heile klassen kva dei snakka om. 

Gå ut og la elevane undersøke blomar dei finn. Be dei finne ulike typar. Dei skal ta bilde av dei på morgonen og på ettermiddagen, og samanlikne retninga på blomane og blada. 

Vis klippet der ein venusflugefangar fangar ei fluge. Be elevane finne fleire klipp på Internett som viser planter som beveger seg. Spør: Kvifor trur de at planter ikkje har bein for å bevege seg slik som dyr har?

Be elevane lage ein tabell for å samanlikne kva som er likt og ulikt mellom bevegelsen til dyr og planter. 

Faglig forklaring

Planter har ikkje musklar. Likevel har mange planter delar som kan bevege seg. Eit eksempel er heliotropisme, der planter beveger seg slik at blada og blomane vender mot sola. Dette er ein langsam bevegelse, der spesielle celler tar opp eller slepp ut vatn, slik at dei utvidar seg eller trekker seg saman. Når celler utvidar seg ein stad og trekker seg saman ein annan stad, vil bladet eller blomen bevege seg.

Venusflugefanger er eit eksempel på ei plante som beveger seg så raskt at vi kan sjå det når ho fangar insekt for å få ekstra næringsstoff. Håra på fangstkoppen merkar bevegelsen til eit insekt, men forskarar forstår ikkje fullt ut korleis desse plantene kan bevege seg så raskt. 

Det kan også sjå ut som om planter beveger seg når dei veks. Klatreplanter slyngar seg ofte oppover, kveilar seg rundt det som støttar dei og veks så raskt at dersom du filmar og visar denne raskt, ser det ut som dei beveger seg. 

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Jorda og livet på jorda (KE70)

    Kompetansemål

    • 10. trinn
      • utforske sammenhenger mellom abiotiske og biotiske faktorer i et økosystem og diskutere hvordan energi og materie omdannes i kretsløp (KM824)
      • gjøre rede for hvordan fotosyntese og celleånding gir energi til alt levende gjennom karbonkretsløpet (KM805)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)

Materialer og utstyr

kamera

Nettressurser