Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1
  • fysikk 2

Mørk nattehimmel

Mørk nattehimmel Dersom du rettar eit digitalkamera mot nattehimmelen, vil kvar pixel vere retta mot ei mengde stjerner på grunn av det enorme talet stjerner i universet. Kvifor er da så mykje av nattehimmelen mørk?

Mørk nattehimmel – snakkeboble

Faglig forklaring

Når du ser ut i verdsrommet, ser du tilbake i tid. Vi kan ikkje sjå lengre tilbake enn 15 milliardar lysår, fordi lyset frå fjernare objekt ikkje vil nå fram til oss. Vi kan ikkje sjå stjerner som er lengre borte i verken tid eller rom. (Dersom det er stjerner utanfor denne avstanden, så har vi ingen moglegheit til å få kjennskap til det – lyset frå dei ville aldri kunne nå oss.) Fjerne stjerner er for lyssvake til å kunne bli sett med det blotte auget eller med kameraet vårt, ikkje berre fordi dei er langt borte, men også fordi dei beveger seg frå oss – eit resultat av utvidinga til universet. Lysbølger frå fjerne stjerner blir «strekt» inn i det infraraude og radiobølgeområdet i spekteret – ei forskyving som vi kallar raudforskyvinga – som kjem i tillegg til lysdempinga. Derfor er ein stor del av himmelen mørk der ute.

Mørk nattehimmel – snakkeboble – svar