Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • fysikk 2

Lengre eller kortare?

Eit 1 meter langt spyd blir kasta med ein relativistisk fart gjennom eit røyr som er 1 meter langt. Desse lengdene er målt når begge er i ro. Når spydet passerer gjennom røyret, kva for ei utsegn beskriver best kva som blir observert?

Lengre eller kortere

a)  Spydet krympar slik at røyret dekker det heilt ved eit bestemt tidspunkt.

b)  Røyret krympar slik at spydet er synleg i begge ender ved eit bestemt tidspunkt.

c)  Begge krympar på same måte slik at røyret dekker spydet heilt ved eit bestemt tidspunkt.

d)  Det kan vere alle alternativa, avhengig av farten til observatøren.

Faglig forklaring

d) Det kan vere alle alternativa, avhengig av farten til observatøren.

Observert frå eit punkt i ro i forhold til røyret og ved eit bestemt tidspunkt, vil det forkorta spydet bli fullstendig dekt av røyret. Eller: Dersom du beveger deg saman med spydet, vil du sjå at endene til spydet ved eit bestemt tidspunkt stikk utanfor begge endene av det forkorta røyret. Eller: Beveg deg med ein fart som ligg mellom farten til spydet og røyret, og du vil sjå at både spyd og rør er like mykje forkorta. Det som verkeleg hender er relativt – det avheng av ståstaden din eller referanseramma di.