Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • vg1

Radioaktivitet

Radioaktivitet

Ein geigerteljar målar radioaktivitet ved å registrere dei elektriske pulsane som blir produsert i eit gassfylt røyr når høg-energi-partiklar passerer gjennom røyret. Ei radioaktiv kjelde sender ut partiklane – la oss seie radium. Påverkar målinga med geigerteljaren på nokon måte radiumet som sender ut partiklane?

Faglig forklaring

Nei, fordi radiumet ikkje vekselverkar med geigerteljaren. Når teljaren er i nærleiken av den radioaktive kjelda, er vekselverknaden mellom geigerteljaren og de utsende partiklane, ikkje mellom teljaren og radiumet. Det som blir endra ved målinga er partiklane som radiumet sender ut, men ikkje radiumet sjølv.

Radioaktivitet - snakkeboble