Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10
  • fysikk 1

Romutstyr

Du er konsulent for romfartsindustrien som ønskjer å utvikle nokre instrument som blant anna skal ha to eigenskapar:

1.     absorbere så liten energi som mogeleg på den sida som vender mot sola 

2.     sende ut så liten energi som mogeleg på den sida som vender bort frå sola romutstyr 1

Då vil du tilrå ei overflate med 

a)      svart overflate på sida mot sola og den andre blank 

b)      blank overflate på sida mot sola og den andre svart 

c)       begge sidene blanke

d)      begge sidene sorte

romutstyr 1

Faglig forklaring

c) begge sidene blanke.

Overflater som absorberer mest lyst (og vanlegvis meir infraraudt lys også) er svarte. Derfor ønskjer vi ikkje at flata som vender mot sola, skal vere svart. Du bør tilrå blank overflate som reflekterer lyset best. Sidan dårlege absorbatorer også gir dårleg utstråling, bør du tilrå blank side også på sida som vender bort frå sola.

romutstyr 2

Vedlegg