Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10
  • fysikk 1

Kva sender ut stråling?

Kva for ein av desse gjenstandane sender kontinuerleg ut elektromagnetisk stråling?

a)      Ei ubrukt blitzlampe Hva sender ut stråling 1

b)      Ein varm radiator 

c)      Ein behaldar for isbitar

d)      Ingen av dei nemnde gjenstandane

e)      Alle dei nemnde gjenstandane

Faglig forklaring

Alle gjenstandar med ein eller annan temperatur sender kontinuerleg ut elektromagnetisk stråling. Frekvensen til strålinga er avhengig av temperaturen. Regelen er f xT, kor f er frekvensen til strålinga og T er den absolutte temperaturen til gjenstanden som sender ut stråling. Dei nemnde gjenstandane har ein relativt låg temperatur, slik at dei sender ut relativt lågfrekvent stråling. Det kallar vi for infraraud stråling. Dersom du aukar temperaturen tilstrekkeleg, vil strålinga bli synleg lys.

Hva sender ut stråling 2