Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10

Diameteren til sola

solens diameter 1

Dersom du stikk eit lite hol i eit stykkje papp og held det i sollyset, får du eit bilete av sola på bakken under. Mål avstanden mellom pappen og solbiletet så nøyaktig som mogleg. Du vil finne at avstanden er omtrent 108 gongar større enn diameteren til solbiletet. Kva fortel dette resultatet deg om diameteren til sola, samanlikna med den gjennomsnittlege avstanden på 150 000 000 km mellom sola og jorda?

solens diameter 3

Faglig forklaring

Med litt enkel geometri og kunnskap om at lyset går i rette linjer, ser vi at:

Diameteren til sola/avstanden til sola = diameteren til biletet/avstanden til biletet

Derfor blir diameteren til sola 1/108 av avstanden frå jorda 150 000 000 km, dvs. 1 390 000 km.

solens diameter 2