Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • fysikk 1

Luftmotstand

Grubleoppgave om Newtons lover: Luftmotstand

Kva opplever den største luftmotstanden –

ein elefant i fritt fall eller

ei fjør i fritt fall?

Faglig forklaring

Det er ei større kraft som skuldast luftmotstand på ein elefant i fritt fall, som må «pløye seg gjennom» meir luft enn ei fjør før dei kjem til bakken. Elefanten møter atskillege newton som luftmotstand, som samanlikna med den enorme vekta praktisk talt ikkje har noko å seie for kor fort han fell. Berre ein brøkdel av ein newton verkar på fjøra, men effekten er klart merkbar, fordi fjøra berre veg ein brøkdel av ein newton. Hugs å skilje mellom ei kraft i seg sjølv, og verknaden som krafta forårsakar.

Vedlegg