Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10
  • kjemi 2

Kva for eit lys sloknar fyrst?

Eit kort og eit langt stearinlys brenn nede i ei ope glaskrukke som vist på figuren. Kva for eit lys vil slokne først dersom vi lukkar igjen krukka?

a)      det korte lyset

b)      det lange lyset

c)      50 -50, det er tilfeldig

Grubleoppgave om gasser: Hvilket lys slukker først 1

Faglig forklaring

Svar: b) det lange lyset

Det lange lyset vil slokne først. Kvifor? Fordi stearinlys som brenn brukar oksygen og dannar hovudsakleg karbondioksid. Du vil kanskje hevde at karbondioksid som har større massetettleik, vil leggje seg på botnen av krukka og slokne det korte lyset. Det ville vere tilfellet dersom gassen ikkje hadde vore så varm. Den varmare gassen får ein lågare massetettleik, og gassen stig og slokner det lengste lyset først.

Grubleoppgave om gasser: Hvilket lys slukker først 2