Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • fysikk 1

Faseovergang

Tenk deg at 4 gram med kokande vatn blir helt ut over ei kald overflate. Tenk deg at 1 gram raskt fordampar ved å absorbere 2260 J frå dei resterande 3 gram med vatn, utan noka anna form for energioverføring. Dei resterande 3 gram med vatn vil då bli

a)      vatn med temperatur over 0oC

b)      vatn med temperatur 0oC

c)       is med temperatur 0oC


Grubleoppgave om faseforandringer - faseforandring 1

Faglig forklaring

Svar: c) is med temperatur 0oC

Dei resterande 3 g vatn vil bli is ved 0oC. 2260 J som blir overførd frå 3 g tyder at kvart gram overfører 753 J. Dersom vi fjernar 420 J frå 1 gram kokande vatn, blir temperaturen redusert
til 0oC. Fjernar vi ytterlegare 333 J, så blir dette grammet med vatn til is i følgje tabellverdiar for spesifikk smeltevarme for is.


Grubleoppgave om faseforandringer - faseforandring 2