Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • barnetrinn 1-2
  • barnetrinn 5-7

Is som smeltar

Vil vekta endre seg når is smeltar til vatn? Diskuter utsegnene i grubleteikninga, og finn ut kva du meiner.

Grubletegning: Is som smelter

Faglig forklaring

Mange har lett for å blande saman omgrepa vekt og massetettleik. Is flyt på vatn, fordi is har lågare tettleik enn vatn. Når isen smeltar, er det ikkje vekta til isen som endrar seg: Ti gram is gir ti gram vatn. Volumet til isen vil derimot forandre seg når isen smeltar. Ti gram vatn treng mindre plass ein ti gram is. Dermed blir tettleiken til vatn høgare enn tettleiken til is. Dei fleste stoffar vil ha større tettleik når dei er i fast form enn når dei er i væskeform. Dette gjeld altså ikkje for vatn og is!

Kommentarer/praktiske tips

Elevane kan vege ei gitt mengd is før og etter smelting for å sjå om vekta endrar seg. Ved å undersøkje korleis tettleiken endrar seg med temperaturen, kan elevane oppmuntrast til å diskutere kvifor isfjell flyt og korleis fisk kan overleve i dammar og innsjøar sjølv om dei blir islagde. Sidan vatn har størst massetettleik ved 4°C, vil vatn fryse til is ved overflata, og ikkje på botnen.

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:

  • Del klassa inn i grupper på tre elevar.
  • Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
  • Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
  • Elev 3 skal summere opp.
  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)

    Kompetansemål

    • 2. trinn
      • undre seg, utforske og lage spørsmål, og knytte dette til egne eller andres erfaringer (KM679)
      • utforske og beskrive observerbare egenskaper til ulike objekter, materialer og stoffer og sortere etter egenskaper (KM786)
    • 4. trinn
      • undre seg, stille spørsmål og lage hypoteser og utforske disse for å finne svar (KM793)
    • 7. trinn
      • stille spørsmål og lage hypoteser om naturfaglige fenomener, identifisere variabler og samle data for å finne svar (KM768)
      • utforske faseoverganger og kjemiske reaksjoner og beskrive hva som kjennetegner dem (KM776)
      • bruke partikkelmodellen til å forklare faseoverganger og egenskapene til faste stoffer, væsker og gasser (KM829)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)