Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • barnetrinn 3-4
  • barnetrinn 5-7

Symjebasseng

Kvifor er det mykje støy i eit symjebasseng? Diskuter utsegnene i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.

Grubletegning: Svømmebasseng

Faglig forklaring

Det blir lett mykje støy i symjehallar fordi harde glatte flater og væsker reflekterer lyd godt – dei lagar ikkje lyd sjølve. Lydar i symjehallen blir reflektert snarare enn absorbert av omgivnadene. Der er ikkje så lett å redusere støynivået i symjehallar, fordi materialet i vegger og golv må vere vasstette. Gummimatter og gardiner kan redusere støynivået noko.

Kommentarer/praktiske tips

Det er ikkje enkelt å utforske desse situasjonane praktisk. Det kan gjerast med nokre tankeeksperiment med utgangspunkt i grubleteikningane "spegel" og "støy på bussen".

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Elevar er vanlegvis ikkje gode lyttarar, og det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
Elev 3 skal summere.