Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • ungdomstrinn 8-10

Romferje

Kva skjer om ei romferje går tom for drivstoff? Diskuter utsegnene i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.

Grubletegning: Romferge

Faglig forklaring

På jorda blir gjenstandar i bevegelse bremsa opp av friksjon, blant anna luftmotstand. Luftmotstanden blir påverka av blant anna overflatearealet til gjenstanden. Luftmotstanden aukar når farten til gjenstanden aukar. Dersom farten er høg, er altså luftmotstanden større enn når farten er låg.

Mellom planetane ute i verdsrommet er det praktisk talt tomt rom og derfor verkar det ingen friksjon på gjenstandar her, bare (svake) gravitasjonskrefter frå planetane og sola. Ein rakett som er uendeleg langt vekk frå alle planetar og stjerner i verdsrommet, vil verken bli påverka av luftmotstand eller gravitasjon. Han vil derfor fortsette den rettlinja bevegelsen med konstant fart. 

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:

  • Del klassa inn i grupper på tre elevar.
  • Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
  • Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
  • Elev 3 skal summere opp.
  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)
    • Jorda og livet på jorda (KE70)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)