Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • barnetrinn 3-4
  • ungdomstrinn 8-10
  • vg1

Forureining

Diskuter utsegnene i grubleteikninga om omgrepet forureining, og finn ut kva du meiner.

Grubletegning: Forurensing

Faglig forklaring

Her er spørsmålet kva forureining eigentleg er. Forureining inneber ein eller annan skade på omgivnadene. Sjølv om avfall blir sett på som stygt, er det ikkje nødvendigvis ei forureining, fordi avfall vanlegvis ikkje er årsak til faktiske miljøøydeleggingar. Sigarettrøyking kan skade eit individ, men forårsakar minimale miljøøydeleggingar. Til samanlikning er miljøøydeleggingar frå bilar og fabrikkar (for eksempel utslepp av giftige gassar) omfattande.

Kommentarer/praktiske tips

Her kan elevane undersøkje kva avfallsprodukt vi får frå køyretøy og fabrikkar, og dei kan vurdere om det er sannsynleg at desse forårsakar miljøøydeleggingane. Gassar som fører til sur nedbør og utslepp av karbondioksid (som fører til global oppvarming) er blant dei mest alvorlege. Vidare undersøkingar kan vere retta mot korleis vi kan hindre miljøøydeleggingar.

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
Elev 3 skal summere.

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Jorda og livet på jorda (KE70)

    Kompetansemål

    • 2. trinn
      • samtale om hvordan vi kan ta miljøbevisste valg og gjennomføre lokale miljøtiltak (KM792)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)

Tverrfaglige temaer

  • Bærekraftig utvikling (TT3)