Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • barnetrinn 1-2
  • ungdomstrinn 8-10

Lys og prisme

Diskuter utsegnene om lys og prisme i grubleteikninga, og finn ut kva du meiner.

Grubletegning: Prisme

Faglig forklaring

Kvitt lys består av mange ulike bølgjelengder. I eit prisme vil lys med forskjellige bølgjelengder brytast forskjellig. Vi vil då kunne sjå at lys med forskjellige bølgjelengder har forskjellig farge. Dette betyr at vi kan få kvitt lys ved å kombinere ulike bølgjelengder. Å kombinere filtre eller måling med forskjellig farge er meir problematisk fordi desse absorberer nokre og reflekterer andre bølgjelengder / fargar.

Ein gjenstand som ser kvit ut i kvitt lys, vil sjå raud ut i raudt lys, gul i gult lys osv. Det skuldast at kvite overflater reflekterer alle bølgjelengder i den synlege delen av spekteret.

Dersom vi lyser med raudt og grønt lys på same stad på ei kvit overflate, ser overflata gul ut. Det vi oppfattar som gult er altså ei blanding av raudt og grønt lys reflektert frå same kvite flate. Dersom vi blandar raud og grøn måling, får vi brun måling, ikkje gul. Det skuldast at måling «lagar» farger med å absorbere delar av lyset, og reflektere resten. Når vi sender kvitt lys mot raud måling, reflekterer den berre den raude delen av lyset, og absorberer resten. Ei blanding av raud og grøn måling vil derfor absorbere meir av lyset enn fargane gjer kvar for seg, og resultatet er mørk brun.

Kommentarer/praktiske tips

Elevane kan undersøkje kva farge lyset får dersom dei kombinerer lys med forskjellig farge og dersom dei kombinerer filter med forskjellig farge. Det er også mogeleg å blande måling med forskjellig farge og samanlikne resultatfargen med tilsvarande kombinasjon av farga lys. Er det mogeleg å samle fargane i det kvite lyset ved å bruke eit prisme til?

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:

  • Del klassa inn i grupper på tre elevar.
  • Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
  • Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
  • Elev 3 skal summere opp.
  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)

Læringsressurs