Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • barnetrinn 1-2
  • ungdomstrinn 8-10

Krumme speglar

Kva ser du, dersom du ser inn i ein krum (konkav) spegel? Diskuter utsegnene i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.

Grubletegning: Krumme speil

Faglig forklaring

Ein spegel kan vere flat eller sfærisk. Ein sfærisk spegel har form som eit utsnitt av ein sfære eller kule. Dersom vi speglar oss i ein kule speglar vi oss i ein «utbogeforma» eller konveks spegel. Då blir spegelbiletet vårt alltid minska. Dersom vi tenkjer oss at vi er oss «inne i kula», kan vi spegle oss i ein konkav («innbogeforma») spegel.

Tenk deg at du står inne i eit rom forma som ei halvkule der veggene er ein einaste stor konkav spegel. Tenk deg vidare at du står med ryggen inntil veggen og ser spegelbiletet ditt på motsett side. Då vil du også sjå eit minska bilete, men spegelbiletet er opp-ned. Dersom du no går mot spegelen på den andre sida, vil spegelbiletet ditt snus riktige veg i det du passerer sentrum i halvkula. På veg vidare mot spegelen vil spegelbiletet ditt bli stadig større.

Kommentarer/praktiske tips

Ved å bruke ein konkav spegel kan elevane observere korleis spegelbiletet deira snus opp-ned og korleis storleiken på spegelbiletet endrar seg på veg mot og frå spegelen. Observasjonane kan knyttast til bruk av ulike spegel i dagliglivet som bilspegel, sladrespegel, sminkespegel osv. Utsida og innsida av ein blank skje, eignar seg til å studere bilete i konkave og konvekse spegel.

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
Elev 3 skal summere.

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)

    Kompetansemål

    • 2. trinn
      • utforske og beskrive observerbare egenskaper til ulike objekter, materialer og stoffer og sortere etter egenskaper (KM786)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)

Kan utføres i sammenheng med

Læringsressurs