Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10

Knutar på leidningen

Kan ein knute stoppe straumen i ein leidning? Diskuter utsegnene i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.

Grubletegning: Knuter på ledningen

Faglig forklaring

Situasjonen på denne teikninga dreier seg om kva elektrisk straum er og kor lett han vil kunne passere knuten på leidningen. Dersom elevane brukar vannanalogien og tenker på straum i ein leidning omtrent som vatn i ein hageslange, kan elevane lett tenke seg at ein knute vil "bremse" straumen. I verkelegheita vil det ikkje vere mogleg å hindre straumen av dei bitte små elektrona med ein knute.

Kommentarer/praktiske tips

Dette kan elevane enkelt undersøke i praksis ved å bruke utstyret som er vist på teikninga. Forsøket illustrerer avgrensingane til vannanalogien for elektrisk straum. Ver klar over at andre analogiar har liknande avgrensingar.

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:

  • Del klassa inn i grupper på tre elevar.
  • Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
  • Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
  • Elev 3 skal summere.
  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Teknologi (KE68)
    • Energi og materie (KE69)

    Kompetansemål

    • 7. trinn
      • utforske, lage og programmere teknologiske systemer som består av deler som virker sammen (KM773)
      • utforske elektriske og magnetiske krefter gjennom forsøk og samtale om hvordan vi utnytter elektrisk energi i dagliglivet (KM777)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)

Læringsressurs