Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10

Brytar

Diskuter utsegnene i grubleteikninga om brytaren i ein straumkrins og finn ut kva du meiner.

Grubletegning: Bryter

Faglig forklaring

Ei vanleg kvardagsførestelling er at straumen startar i batteriet og går gjennom kvar komponent i krinsen etter tur (såkalla sekvenstenking). I ein slik tankegang må brytaren vere på den riktige sida av pæra for å skru ho av og på. I røynda går ein like stor straum i alle delar av krinsen samtidig, så brytaren kan bryte straumen til pæra same  kvar i krinsen han blir kopla inn.

Kommentarer/praktiske tips

Forsøket vist på teikninga kan utførast med enkelt utstyr. Elevane kan flytte brytaren til ulike stader i krinsen og undersøkje verknaden. Forsøket illustrerer klart at det er det same kvar vi plasserer ein straummælar i krinsen, noko som viser at ein sekvensiell modell er feil. Ein sekvensiell modell seier at straumen blir svakare etter kvart som den passarar komponent etter komponent. Ei endring i straumkrinsen forandrar samtidig straumen overalt i krinsen.

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:
Del klassa inn i grupper på tre elevar.
Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
Elev 3 skal summere.

  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)

    Kompetansemål

    • 7. trinn
      • utforske elektriske og magnetiske krefter gjennom forsøk og samtale om hvordan vi utnytter elektrisk energi i dagliglivet (KM777)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)

Læringsressurs