Hopp til hovedinnhold
Diskusjonsoppgave
Passer for
  • barnetrinn 1-2
  • barnetrinn 5-7

Isbitar

Vil ein stor eller liten isbit smelte fyrst? Diskuter utsegnene i grubleteikninga og finn ut kva du meiner.

Grubletegning: Isbiter

Faglig forklaring

Den minste isbiten vil vanlegvis smelte raskast. Dersom vi legg til grunn at dei to isbitane har lik temperatur, vil den største isbiten trenge meir energi for å smelte fordi det er meir is å smelte. Isbitane mottek energi frå omgivnadene. Den største isbiten har større overflateareal enn den minste og vil derfor motta meir energi, men den minste isbiten har større forholdstal mellom areal og volum, slik at den vil smelte raskare enn den store.

Kommentarer/praktiske tips

Dette kan vi undersøkje ved å nytte fleire isbitar av forskjellig storleik og måle kor lang tid dei bruker på å smelte. Forsøket kan utvidast til å undersøkje kor fort isbitane smeltar ved forskjellig temperatur. Dette blir gjort for å vise at den største isbiten treng lengst tid på å smelte uavhengig av temperaturen på omgivnadene.

Grunnleggende ferdigheter

Grubleteikningane har som regel ikkje eitt riktig svar og er derfor framifrå for å stimulere til diskusjon hos elevane. Å kunne argumentere for eigne vurderingar og gi konstruktive tilbakemeldingar blir framheva som ein viktig del av grunnleggjande munnlege ferdigheiter i naturfag.

Det krev ein del øving å bli ein god lyttar. Å lytte handlar ikkje berre om å vere stille når andre snakkar; lytting krev respons på det som blir sagt.

Det er viktig at elevane får høve til å snakke og resonnere ved å bruke faglege termar. Diskusjonar i heil klasse kan kjennast utrygt for mange elevar. I små grupper får elevane høve til å setje ord på eiga tenking, men det krev også at dei lyttar til kvarandre. Ved arbeid i små grupper er det viktig å hugse at aktiviteten må vere strukturert og ha ei bestemt tidsavgrensing.

Eit eksempel på ein enkel strategi for diskusjon i små grupper ved bruk av grubleteikning er:

  • Del klassa inn i grupper på tre elevar.
  • Elev 1 skal forklare dei andre på gruppa kva utsegn ho trur er mest riktig.
  • Elev 2 skal stille spørsmål og utfordre forklaringa til elev 1. 
  • Elev 3 skal summere opp.
  • Læreplan i naturfag (NAT01-04)

    Kjerneelement

    • Naturvitenskapelige praksiser og tenkemåter (KE67)
    • Energi og materie (KE69)

    Kompetansemål

    • 7. trinn
      • stille spørsmål og lage hypoteser om naturfaglige fenomener, identifisere variabler og samle data for å finne svar (KM768)
      • utforske faseoverganger og kjemiske reaksjoner og beskrive hva som kjennetegner dem (KM776)
      • bruke partikkelmodellen til å forklare faseoverganger og egenskapene til faste stoffer, væsker og gasser (KM829)
    • 4. trinn
      • undre seg, stille spørsmål og lage hypoteser og utforske disse for å finne svar (KM793)

Grunnleggende ferdigheter

  • Muntlige ferdigheter (GF1)