Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid

Meitemarkkompost

Vil ikkje kompost lukte dersom vi har han inne? I meitemarkkompost er det meitemarken som gjer komposteringsjobben. Når meitemark et matavfallet, blir det god ventilasjon, og vi slepp unna luktproblemet.

For å lage meitemarkkompost treng vi to kasser som passar oppi kvarandre. Den ytre kassa bør vere ugjennomsiktig, fordi meitemark likar å ha det mørkt. Vi må bore dreneringshol i botnen og luftehol i toppen av den indre kassa før vi sett ho nedi den andre kassa.



Vi må legge noko karbonhaldig materiale oppi som trekk til seg fukt, for eksempel avispapir, slik at det dekker botnen. Så kan kompostmeitemarken få flytte inn (dei kan vi kjøpe i ein butikk som sel sportsfiskeutstyr), før vi legg oppi matavfallet. Det meste av matavfall går fint, men vi unngår sitrusfrukt. Meitemark er heller ikkje så glad i kjøtt og fisk. Matavfallet deler vi i mindre bitar, og blandar alt saman. Vatnet som renn ut av dreneringshola blir godt gjødselvatn. Vi må hugse å sette på lokket! Nå kan marken få gjere jobben med å omdanne matavfallet til kompostjord etter eit par månadar.

Her kravlar meitemarken i kompostjorda. Foto: Aud Ragnhild Skår Her kravlar meitemarken i kompostjorda. Foto: Aud Ragnhild Skår