Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid
Passer for
  • barnetrinn 3-4
  • barnetrinn 5-7
  • kjemi 2
Tidsbruk
  • 5 min

Pulver opp i flammar

Vekk oppmerksemda med ein flamme.

Læringsmål

- erfare at eit stoff brenn lettare med god tilgang på oksygengass


pulver opp i flammer

Legg ein liten haug med lykopodiumpulver i ei skål. Prøv å tenne på med ei fyrstikk. 

Legg pulveret i handa. Sett ei brennande fyrstikk mellom peike- og langfinger. Kast pulveret opp i lufta mot fyrstikkflammen og sjå kva som skjer med pulveret. Det krev litt øving å få pulveret til å tenne.

Kvifor trur du det er lettare å tenne på pulveret når vi kastar det opp i lufta?

Faglig forklaring

Oksygengass er nødvendig i ein forbrenningsreaksjon. Dersom vi prøvar å tenne på pulveret når det ligg i ein haug i ei skål, vil det berre svi seg litt. Når pulveret blir kasta opp i lufta, spreier pulveret seg og får god tilgang på oksygengass og brenn derfor lettare.

Kommentarer/praktiske tips

Dette er ein lærardemonstrasjon som vekker motivasjon og undring. Men pass på at ikkje brannalarmen går.

Samanlikn gjerne med stålull som ganske lett tek fyr, i motsetning til ei stålplate. Og når vi fyrer opp eit bål, er det lurt å bruke små trefliser i staden for berre store kubbar.

Materialer og utstyr

  • lykopodiumpulver (heksemel)
  • fyrstikker

Tema

Nettressurser

(no.wikipedia.org)