Hopp til hovedinnhold
Forsøk og praktisk arbeid
Passer for
  • barnetrinn 1-2
  • barnetrinn 5-7
  • ungdomstrinn 8-10
  • kjemi 1
Tidsbruk
  • 5–15 min

Kan binders flyte?

Jern flyt på grunn av overflatehinna på vatnet.

Det er lett å leggje barberblad så dei flyt på vasshinna. Det er vanskelegare med knappenåler. Og dersom ein vil prøve med binders, blir det kanskje nødvendig med eit roteromstriks.

Klipp eit lite stykke av eit kaffifilter. Det skal vere noko større enn bindersen. Du legg bindersen på eit papir som søkk etter ei lita stund. Men det må ikkje søkke for fort, for då trekkjer det bindersen med seg. Vi brukte altså eit kaffifilter, men du kan også bruke nokre former for tørkepapir. Du kan få temmeleg store binders til å flyte på vatnet med denne metoden.

Legg bindersen og papiret på vannet. Papiret synker, mens binderen flyter.

 

Vatnet må vere gullande reint og kaldt. Det er fantastisk kor mykje ein må skylje for å få vekk dei siste såperestane. Gni bindersen på førehand mellom fingrane slik at du legg att litt feitt rundt metallet. Vi føreset at du ikkje har vore borti såpe på ei stund.

Dersom du dryp ein drope vaskemiddel på vatnet, kjem nok bindersen til å søkke.

Kommentarer/praktiske tips

Nokre insekt går på vasshinna. Mygglarvar heng i vatnet si overflatehinne. Dersom overflatespenninga blir lita, fell larvane av og druknar. I område med mykje malariamygg, kan ein spreie oppvaskmiddel på sjøar og vatn for å bli kvitt myggen.

Materialer og utstyr

  • Glasbolle (ikkje plast) med vatn
  • Saks
  • Kaffifilter
  • Binders, store og små