Dataprogram

Phases of the Moon (Android/Apple)

Phases of the Moon (Android/Apple)

  • Utgiver: Universe Today
  • Teknisk info: Android og Apple

Denne interaktive månekalender-appen kan vere ein morosam innleiing til ei utforsking. Kvifor får vi månefasar og kvifor får vi den vuggande rørsla hos månen (liberasjon) som denne appen viser så godt?

  Phases of the Moon (Android/Apple) Ved å "swipe" i appen navigerer du deg fram/tilbake i månefasane/tid. Månen blir vist i vinkelen frå posisjonen du er på  (bruker gps). Appen visualiserer såleis månefasane og den vuggande rørsla hos månen (som gjer at vi kan sjå 59 % av måneoverflata frå jorda) på ein veldig fin måte.

Meir info om sjølve appen:

Kompetansemål etter 10. trinn i naturfag seier at elevane skal undersøke eit emne frå utforskinga av verdsrommet, og stille saman og presentere informasjon frå ulike kjelder. Utforskinga av månen har mange ulike innfallsvinklar med eit stort historisk spenn, for eksempel:

  • månefasar
  • måneformørking
  • den vuggande rørsla (liberasjon)
  • månelandingane
  • bruk av månen til utforsking av andre planetar og verdsrommet for øvrig

Ein fin måte å legge opp opplegget kan vere ein tilpassa variant av undervisningsopplegget Lage plakat om en utforsking av verdensrommet

Ressursar som kan vere fine å trekke inn:

Aktuelle kompetansemål i læreplanen

Læreplan i naturfag

  • Etter 10. årstrinn
    • Fenomener og stoffer
      • undersøke et emne fra utforskingen av verdensrommet, og sammenstille og presentere informasjon fra ulike kilder

Er bakgrunnsstoff for