Hopp til hovedinnhold

Assistert befruktning

Assistert befruktning blir brukt for å hjelpe par til å bli gravide. Dersom ein har alvorleg, arveleg sjukdom i familien, er òg assistert befruktning eit alternativ.

Assistert befruktning er behandling som blir brukt for å hjelpe kvinner å bli gravide fordi paret ikkje klarer å bli gravide på eiga hand. Dette gjeld 10 - 15 prosent av alle heterofile par. Assistert befruktning kan skje ved at ein befruktar egg utanfor kroppen eller ved inseminasjon av sæd enten frå mannen eller frå donor.

Prøverørsbefruktning

Når ein befruktar egg utanfor kvinna sin kropp, kallar ein det prøverørsbefruktning eller in vitro-fertilisering (IVF). Ved prøverørsbefruktning må kvinna gjennom ein hormonkur for at det skal bli modna mange egg på ein gong. Egg blir så tekne ut frå kvinne og blanda med sædceller frå mannen i ei skål i laboratoriet.

Dersom mannen har dårleg sædkvalitet slik at sædcellene ikkje klarar å befrukte egget, kan ein bruke ein metode som blir kalla mikroinjeksjon eller intracytoplasmatisk spermieinjeksjon (ICSI). Då befruktar ein egget ved å injisere ei enkelt sædcelle i egget.

Intracytoplasmatisk spermieinjeksjon (ICSI) Intracytoplasmatisk spermieinjeksjon (ICSI)

Bruk av donorsæd

Dersom paret ikkje blir gravide fordi mannen har dårleg sædkvalitet eller ikkje har sæd, kan ein òg bruke sæd frå donor. I Noreg er sæddonorane ikkje-anonyme. Det vil seie at barnet har moglegheit til å få vite kven donor er når det fyller 18 år.

Einslege kvinner og lesbiske kvinner kan òg få barn ved sædinseminasjon. Tidligare var dette er ikkje tillate i Noreg. Kvinner som ønskte slik behandling reiste derfor til utlandet for å bli inseminert. Frå juni 2008 vart det tillate med assistert befruktning for lesbiske par i Noreg. Lovendringa kom samtidig med endringa i ekteskapslova som likestilte heterofile, homofile og lesbiske par når det gjeld ekteskap. Det er framleis ikkje tillate med assistert befruktning for einslege.

Alvorleg, arveleg sjukdom

Det kan vere at par ønskjer assistert befruktning fordi det er alvorleg, arveleg sjukdom i familien. Dersom det er mannen som er ramma av sjukdomen, kan ein bruke donorsæd. Dersom det er kvinna som er ramma, er det mogleg å bruke donoregg, men eggdonasjon er ikkje lovleg i Noreg.

Eit alternativ til å bruke donerte kjønnsceller, er å bruke IVF med paret sine eigne kjønnsceller og genteste dei befrukta egga før dei blir sett inn i kvinna. Dette blir kalla preimplantasjonsdiagnostikk (PGD) (les om dette i eigen artikkel).

Etiske problemstillingar

Det er fleire etiske problemstillingar kopla til bruk av assistert befruktning. Her er nokre:

  • Kva krav kan ein stille til para når samfunnet hjelper til med å lage barn?
  • Er bruk av metoden ein risiko for barna som blir fødde, eller for kvinnene?
  • Kva behandling skal ein tillate og kven skal få denne behandlinga?
  • Er det riktig å bruke donerte kjønnsceller når dette fører til barn ikkje får kjennskap til sitt genetiske opphav før dei er 18 år dersom dei er blitt fortalt korleis dei er blitt til?

Norsk lov

Bruk av assistert befruktning er regulert i bioteknologilova. Her står det kven som kan få behandling og kva ein kan bruke befrukta egg til.

Ved prøverørsbefruktning blir det laga fleire befrukta egg enn det paret treng sjølve. Etter lovendring 1. januar 2008 kan desse donerast til forskning. Tidligare måtte dei befrukta egga kastast etter fem år dersom paret ikkje hadde brukt dei innan den tid.

Berre kvinner som er gifte eller sambuande (med ein mann eller ei kvinne) kan få assistert befruktning. Heterofile par må enten vere infertile, det vil seie at dei ikkje klarar å bli gravide på eiga hand, eller ha alvorleg, arveleg sjukdom som dei ikkje ønskjer å føre vidare. Einslege kvinner ikkje kan få sæddonasjon. Heller ikkje par der den eine er hivpositiv og paret ønskjer assistert befruktning for å unngå å smitte partnaren, kan få assistert befruktning.

Eggdonasjon og bruk av surrogatmor er ikkje lovleg i Noreg.