Hopp til hovedinnhold

Tidssignal og klokketider

På Observatoriet i Oslo blei Noreg sett på kartet, bokstavleg talt. Det var her Noreg fekk riktig tid. Og det var her professor Christopher Hansteen heiste ein oransje ball som blei senka presis klokka tolv kvar onsdag og laurdag slik at folk i Christiania kunne stille klokkene sine.

I nærleiken av Solli plass i Oslo ligg Observatoriet – eller rettare sagt Det astronomiske observatorium. Det blei bygd av Universitetet i 1833. Det låg først langt utanfor sentrum i hovudstaden, fjernt frå lysa i byen og med fri sikt i alle himmelretningar. I dag er det omringa av blokker og Universitetsbiblioteket. Observatoriet var eit av dei viktigaste husa i Noreg. Sentralt stod behovet for å finne den nøyaktige posisjonen til hovudstaden på verdskartet. Observasjon av stjernehimmelen var utgangspunktet for å løyse slike praktiske oppgåver på landjorda. Timar og minutt er nært forbundne med lengde- og breddegradar. Arbeidet med kartposisjonane gav eit nødvendig grunnlag for arbeidet med å bestemme éi felles klokketid for heile landet.

I 1814 reiste Christopher Hansteen frå København til Christiania for å begynne å jobbe på Det Kongelige Frederiks Universitet som lektor i matematikk. Da han kom til Christiania, tok det ikkje lang tid før at han oppdaga at kyrkjeklokkene i byen viste forskjellig tid. På sitt verste var det 45 minutt forskjell på klokkene, noko som gjorde at innbyggarane i byen ikkje opererte med same tid. Christiania hadde ikkje noko effektivt tidssignal. I byrjinga gjekk han rundt til urmakarane og gav dei den riktige tida. I 1833, da Observatoriet nesten var ferdig bygd, flytta han inn der og fortsette  arbeidet med å gi Christiania riktig tid.

Sentralt i arbeidet til Hansteen stod meridianrommet med meridiansirkelen – ein stjernekikkert som kunne observere stjernene idet dei passerte meridianen. Tidspunkta blei bestemt ved hjelp av det mest nøyaktige pendeluret i Noreg, som stod på eit eige fundament i meridianrommet. Professor Christopher Hansteen arbeidde i meir enn 15 år med å bestemme den nøyaktige lengde- og breddegrad til meridianrommet, og i 1847 var jobben gjort. Noreg var plassert på globusen. Noreg hadde fått sin nullmeridian – eit utgangspunkt for all vidare oppmåling og kartlegging av landet. Noregs geografiske oppmåling nytta denne nullmeridianen heilt til satellittmålingar overtok 150 år seinare.

I Noreg hadde dei lokale tidene variert med ein time og 47 minutt frå ytst i Sognefjorden i vest til Vardø i aust. Parallelt med lokaltidene blei det brukt ei fellestid ved telegrafstasjonane. Københavntid blei nytta som fellestid da den første telegraflinja blei opna i 1855 mellom Christiania og Drammen. I 1866 gjekk dei over til Christianias lokaltid ved alle stasjonane. Tidssignal blei sendt frå Observatoriet. Signala var basert på klokker og kronometer, som blei nøye avstemde i forhold til observasjonar og vitskapelege målingar.

Dei lokale tidsforskjellane var så store at det blei produsert lommeur med to visarar for reisebruk. Almanakken med sine opplysningar om tidsforskjellane mellom dei største byane var også viktig reisefølge. Det var universitetet som stod for den årlege utgivinga av den norske almanakken, som også hadde utgangspunkt i verksemda i Observatoriet, med Hansteen som mangeårig redaktør.

I 1884 blei det vedteke å berre bruke Greenwich-null-meridianen i London som utgangspunkt når ein skal berekne lengde og tid. No blir lengde og tid rekna ut frå den såkalla International Reference Meridian (IRM) som ligg drygt 100 m aust for Greenwich-nullmeridianen av 1884. Legg også merke til tidsballen på bygget. Foto: Daniel Case/Wikimedia Commons I 1884 blei det vedteke å berre bruke Greenwich-null-meridianen i London som utgangspunkt når ein skal berekne lengde og tid. No blir lengde og tid rekna ut frå den såkalla International Reference Meridian (IRM) som ligg drygt 100 m aust for Greenwich-nullmeridianen av 1884. Legg også merke til tidsballen på bygget. Foto: Daniel Case/Wikimedia Commons

Lova om norsk normaltid blei vedteken i 1894. Forskjellige lokaltider rundt i landet skulle bli erstatta med éin nasjonal klokketid. Ei ny haldning til normaltid kom som følge av etableringa av raskare og meir samanhengande kommunikasjonar som jernbane og telefon. Saman med politikk, ny kommunikasjon og internasjonale behov spelte Observatoriet ei sentral rolle i prosessen. Da radioen kom, var det også mogleg å nå ut til heile landet med eitt nasjonalt tidssignal. Før radioen overtok tidssignalet, blei ein rund oransje ball heist opp på ei stang på toppen av Observatoriet og senka nøyaktig klokka tolv på formiddagen. Denne tidsballen var heilt fram til 1920-åra signalet alle stilte sine kronometer etter, ikkje minst skipa på hamna.

Tidsballen på Observatoriet i Oslo. Foto: Gunnhild B. Aasprang Tidsballen på Observatoriet i Oslo. Foto: Gunnhild B. Aasprang

Tema

Bakgrunnsstoff