Hopp til hovedinnhold

Lyspærer

Ei lyspære er ikkje lenger ei lyspære. Den gamle glødepæra er historie, og mange nye variantar kan gjere val av pære vanskeleg.

Kva skal vi velje dersom vi skal ha ei pære for godt arbeidslys? Kva med ei utelampe? Eller for å få ei stemningsfull atmosfære? Og kva er mest energieffektivt? Dei viktigaste eigenskapane vi bør ta omsyn til ved val av lyspære er lysstyrke, fargetemperatur, energibruk og levetid.

Lysstyrke

Det finnes to heilt parallelle målesystem når vi skal angi lysstyrken til ei lyskjelde. Det første er basert på fysiske energimål og blir målt i watt. Dette kallar vi eit radiometrisk målesystem. Det andre tek omsyn til kor følsamt menneskeauget er. Vi kallar dette eit fotometrisk målesystem og lysstyrken blir målt i lumen. I eit fotometrisk målesystem brukast også måleeiningane candela og lux.

Størrelse Eining Forklaring
lysstraum lumen Den totale lysstraumen som blir avgitt av lyskjelda målt mot augets kjenslekurve.
lysstyrke candela Lysstyrken i ei bestemt retning (romvinkel).
For ei sirkelforma lyskjelde:
candela = lumen/4π
1 candela tilsvarar omtrent lysstyrken frå ei stearinlysflamme.
belysningstettleik lux Belysningstettleik seier kor sterkt ei flate blir belyst.
Varierer med avstanden til lyskjelda; større avstand gir lågare belysnings-styrke.
lux = lumen/m2

Fargetemperatur og fargegjengiving

Fargetemperaturen er svært viktig når vi vel belysning. Fargetemperatur forklarar nyansen mellom varmt og kaldt lys. Lystemperatur blir ofte delt inn i hovudgrupper, der omgrepa varmkvit, kvit og kaldkvit er dei vanlegaste gruppene. Innandørs vil vi gjerne bruke varmkvitt som er det lyset vi er vande med frå glødepæra. Fargetemperaturen blir angitt i kelvin (K). Normalt reknar vi 2600–3000 K som varmkvitt lys. Varmt lys er lunare og blir ofte brukt heime. Ei lyspære til private heimar har gjerne ein fargetemperatur lågare enn 2700 K.

Fargegjengiving blir oppgitt med ein Ra-verdi (rendering average) mellom 0 og 100, og fortel kor god pæra er til å gjengi fargar. Dagslys har den beste fargegjengivinga på 100, gløde- og halogenpærer på 99 og sparepærer og alminnelege lysstoffrøyr litt over 80. Dei beste kvite lysdiodane har ein Ra-verdi opp mot 95, som er svært tett opp mot halogenpærer og dei beste lysstoffrøyra. Til vanleg blir det anbefalt å bruke pærer som har ein Ra-verdi på minst 80.

Energibruk

Det varierer kor energieffektive lyskjeldene er, det vil seie kor stor del av den elektriske energien som faktisk blir omdanna til synleg lys. Ei glødepære omset det meste av energien til infraraud stråling (varme) som ikkje er synleg lys. Når slike pærer blir brukt der vi har bruk for oppvarming, er ikkje dette noko problem. Men der vi treng å fjerne varme eller ikkje har behov for varmen er det ikkje lurt med slike pærer. Tabellen på neste side gir oversikt over energieffektiviteten til ulike pærer.

Lyspære Effekt Lysstyrke lumen/watt
Glødepære 40 W 300 lm 7,5 lm/W
Halogenpære 10 W 130 lm 13 lm/W
Sparepære 11 W 650 lm 59 lm/W
Lysstoffrøyr 9 W 600 lm 67 lm/W
LED 6 W 540 lm 90 lm/W
OLED     100–150 lm/W (?)

Nyare lyskjelder er for eksempel LED (Light Emitting Diode). Ein mindre kjent teknologi er såkalla organisk lysemitterande dioder (OLED). Hittil er det største lysutbytte på OLED på vel 100 lm/W, men målet er å nå 150 lm/W innan få år.

Levetid

Ei vanleg glødepære har ei gjennomsnittleg levetid på ca. 1000 timar, mens det er vanleg at LED har ei levetid på ca. 150 000 timar. Sparepærer kan vare i ca. 10 000 timar.

Lyspære Fargetemperatur RA-verdi Energieffektivitet Levetid (timer)
Glødepære  Ca. 2700 K  99  7,5 lm/W  1000–2500
Halogenpære  Ca. 3100 K  99  13 lm/W  2000–5000
Sparepære  2500–4000 K  Ca. 80  59 lm/W  6000–15 000
Lysstoffrøyr   2700–7000 K  50–80  67 lm/W  16 000–24 000
LED   2700–6500 K  60–95  90 lm/W  30 000–100 000
OLED       100–150 lm/W (?)  

Ulike lyspærer

lyspærer glødepære sparepære COLOURBOX Illustrasjonsfoto: colourbox.com Glødepærer gir fint varmt lys og har god fargegjengiving, men dei er lite energieffektive og har ikkje vore i produksjon etter 1. september 2012.

Ei glødepære sender ut lys ved at elektrisk straum blir send gjennom ein tynn glødetråd. Tråden vil begynne å gløde på grunn av stor strømstyrke i forhold til tverrsnittet. Glødetråden er som regel laga av metallet wolfram. Glødetråden ligg inne i ein glasskuppel som er tømt for luft slik at tråden ikkje oksiderer og brenn så raskt opp. Glødepærer skal resirkulerast som elektrisk og elektronisk avfall (EE-avfall).

 

 

lyspære halogen colourbox Illustrasjonsfoto: colourbox.com Halogenpærer blir ofte brukt på kjøkken, bad og til bord- og arbeidslamper der det er viktig med ei god fargegjengiving. Halogenpærer finst både for normalspenning (230 V) og lågvolt (12 V). Alle halogenpærer kan dimmast. Om få år kan også halogenpærer bli forbodne fordi dei ikkje er miljøvenlege nok.

Halogenpærer baserer seg på same prinsipp som den tradisjonelle glødepæra. Når det går ein elektrisk straum gjennom tråden i pæra, blir det danna varmeenergi som gjer at tråden begynner å gløde og dermed skapar lys. Temperaturen på tråden bestemmer fargen på lyset og lysmengda. I den tradisjonelle glødepæra vil den lufttomme glasskuppelen gjere at tråden etter kvart brenn av. Halogengassen i halogenpæra gir ein kjemisk reaksjon mellom tråden og gassen som hindrar at tråden brenn av. Tråden kan lyse med høgare temperatur, og skape eit kraftigare og kvitare lys. Det blir ikkje danna sort belegg på glasskuppelen, som gjer at pæra gir same lysstyrke gjennom heile levetida. Halogenpærer inneheld ikkje kvikksølv og resirkulerast som EE-avfall.

lyspærer glødepære sparepære COLOURBOX Illustrasjonsfoto: colourbox.com Sparepærer er omtrent like energieffektive som LED. Sparepærer er bøygde lysrøyr med skrusokkel og innebygd elektronikk til tenning og drift. Dei kan ha same form som dei gamle glødepærene, eller dei kan vere vridde, bøygde og sirkulære. Lyset er litt flatt og fargegjengivinga er litt dårlegare enn i gløde- og halogenpærer. Sparepærer gir full lysstyrke først når dei har blitt varme. Dei yter dårlegare ved låge temperaturar og passar best innandørs. Nokre sparepærer kan dimmast. 

Sparepærer er kompaktlysrøyr som er utstyrt med lyspæresokkel som på vanlege glødepærer. Dei verkar på same måte som lysstoffrøyr. Fordi sparepærer inneheld eller kan innehalde farlege stoff (som kvikksølv), er det viktig at dei ikkje blir kasta i søpla, men blir levert inn som EE-avfall. Du kan levere dei gratis i alle butikkar som sel slike.

lyspærer lysstoffrør COLOURBOX1310210 Illustrasjonsfoto: colourbox.com Lysstoffrøyr har gass i røyra som lyser når det går straum gjennom. Dei finst i avlange og sirkulære utgåver, er energieffektive og har låg varmeutvikling. Lysstoffrøyr har ikkje like god fargegjengiving som gløde- eller halogenpærer. Dei har lang levetid slik at dei ikkje må byttast ofte. Lysstoffrøyr kan vanlegvis ikkje dimmast.

Lysstoffrøyr er glasrøyr som er fylt med gass (f.eks. argon eller neon). Når det går ein elektrisk straum av elektron gjennom gassen, blir gassen tilført energi som han sender ut som kortbølga ultrafiolett lys. Dette ultrafiolette lyset får eit lysstoff på innsida av glasrøyret til å fluorisere, noko som produserer synleg lys. Lysstoffrøyr må ha ei tennspenning som kan starte utsending av elektron som kan ionisere gassen og gjere den elektrisk leiande. Deretter reduserast spenninga. Fordi lysstoffrøyr inneheld eller kan innehalde farlege stoff (som kvikksølv), er det viktig at dei ikkje blir kasta i søpla, men blir levert inn som EE-avfall. Du kan levere dei gratis i alle butikkar som sel slike.

Dersom du knuser ei sparepære eller eit lysstoffrøyr

lyspærer LED COLOURBOX3280202 Illustrasjonsfoto: colourbox.com Lysdiodar (LED) er små, elektroniske komponentar som krev ein spesiell elektronikk (se mer i faktaboks på side 43). LED-produkt finst i alle variantar. Lysdiodar finst i mange fargar og kan brukast både inne og ute. Nokre LED kan dimmast. LED er energieffektive og har lang levetid.

Når det går straum gjennom ein lysdiode, hoppar elektron frå eit n-dopa lag ned i hol i eit p-dopa lag. I dette elektronspranget blir det energi til overs, som blir send ut som lys. Farga på lyset er bestemt av energigapet, som avheng av materialet i lysdioden.