Hopp til hovedinnhold

Berekraftig teknologi – teknologi for berekraft. Det miljømedvitne mennesket

Korleis kan vi arbeide med teknologi og design med vekt på miljø og berekraftig utvikling? I alle teknologi og design-prosjekt er det naturleg å vurdere val av materiale og handtering av avfall, slik at vi ikkje påverkar miljøet meir enn nødvendig. I tillegg er det eit viktig aspekt å la elevane møte miljøutfordringane med å sjå etter løysingar. Korleis kan vi bruke teknologi for å løyse utfordringar som vi møter eller kjem til å møte? Møte mellom teknologi og miljø har altså to vinklingar: Korleis hindre at utvikling av teknologi øydeleggjar miljøet, og korleis utvikle ny teknologi som kan løyse miljøutfordringane?

Teknologi – den stygge ulven eller den gode hjelparen?

Teknologi handlar om å utvikle produkt og system. Ein forbrukskultur der vi stadig ønskjer å skaffe oss fleire produkt, kjem i konflikt med miljøet. Økt produksjon vil seie økt energiforbruk og økt materialbruk. Slik sett kan teknologi vere den stygge ulven. Etisk refleksjon rundt forbruksval er difor viktig i arbeidet med teknologi og design. Treng eg å ha ny mobiltelefon? Og kva gjer eg i tilfelle med den gamle?

Teknologi kan òg hjelpe oss å lage produkt og system som kan løyse utfordringar vi har i dag kring energi- og andre miljøspørsmål.T il dømes vil utvikling av vindmøller, solcellepanel og annan fornybar energi krevje god teknologisk kompetanse og nytenkande teknologi. Teknologi vert her den gode hjelparen. Spørsmål om korleis vi kan spare energi handlar om å redusere forbruket, men det handlar òg om korleis vi kan skape energieffektive produkt.

Miljø og teknologi i læreplanen

Utvikling av ny teknologi har stor plass under overskrifta «det miljømedvitne menneske» i den generelle delen av læreplanen: Velferda avheng av evna til å utvikle nye idear, til å bruke ny teknologi, til å skape nye varer og til å løyse tradisjonelle problem med meir fantasi og fornuft. Elevane må altså bruke både kreativitet og kunnskap for å finne nye løysingar på miljøproblema.

I møte med miljøutfordringane er det viktig ikkje å verte handlingslamma, men tvert om bidra aktivt til ei positiv endring. I staden for frykt og håpløyse, må vi formidle handlingskraft og håp. Elevane skal i løpet av skulegangen utvikle seg til miljømedvitne menneske i samfunnet, det er dei som etter kvart skal ha innverknad på politiske avgjerder innanfor miljøspørsmål.

Utvikling av ny teknologi er eit felt der det kan utfaldast fantasiog skaparkraft som kan gjere både den einskildes liv ogsamfunnskulturen rikare. Teknologisk kunnskap er ein delav allmenndanninga - nyfikne etter å forstå dei som har levdog skapt før oss, og kraft til å trengje inn i eigen natur ognaturen omkring. (Generell del av læreplanen)

Vidare står det om det miljømedvitne mennesket at elevane skal lærast opp til å ta vare på miljøet; Mennesket er ein del av naturen, og gjer stadig val med konsekvensar ikkje berre for eiga velferd, men også for andre folk og for naturmiljøet. I læreplanen for naturfag, om hovudområdet mangfald i naturen i LK06 står det: Hovudområdet dreier seg vidare om føresetnader for berekraftig utvikling, om plassen mennesket har i naturen, og om korleis menneskelege aktivitetar har endra og endrar naturmiljøet lokalt og globalt.

Korleis skape miljømedvit i arbeid med teknologi?

I teknologi og design-prosjekt kan vi lett sjå tverrfaglege koplingar, både innan naturfaget og mellom fleire fag. I miljøtema er det også ofte lurt og naturleg å sjå ulike fagområde i samanheng og trekke inn ulike fag i prosjekta.

Ein god innfallsvinkel for å skape miljømedvit er å gje elevane eit miljøoppdrag som vekker den einskildes engasjement. I den neste artikkelen vert Prosjekt grønt skildra. Sentralt i dette prosjektet står det å lage miljøvenlege produkt. Elevane skal utvikle idear og finne løysingar på miljøutfordringar. Eit kompetansemål under mangfald i naturen etter 10.trinn er at elevane skal kunne foreslå tiltak som kan verne naturen for framtidige generasjonar. Prosjekt grønt gir nettopp elevane moglegheit til dette. Kreativitet er her eit viktig stikkord. Elevane får lov til å boltre seg i eigne idear,her er det ingen fasitsvar. Det er eit godt utgangspunkt å knytte eit slikt prosjekt til elevens kvardag. Kva for behov har eg i kvardagen- og kva kan eg bidra med i min kvardag? Bidraget frå den einskilde for ei betre verd er viktig.

I alle teknologi-prosjekt må vi ta stilling til kva for materiale som er det mest miljøvenlege å bruke. På ungdomstrinnet kan dette knyttast til arbeid med kompetansemålet etter 10.trinn under teknologi og design der elevane skal kunne teste og skildre eigenskapar ved materiale som brukast i ein produksjonsprosess. I Prosjekt grønt er det naturleg å trekke inn miljøspørsmålet i val av materiale til produktet sitt og heile livsløpet frå produktet vert framstilt til det vert kasta eller brukt om att. Kva for delar av eit gamalt produkt kan brukast om att? Kor lenge vil materialet vere brukbart? Kva for materiale kan vi bruke fleire gongar utan at det går sund eller får for dårleg kvalitet?

Prosjekt grønt er gjennomført med elever på ungdomstrinnet, men prosjektet kan også fint tilpassast mellomtrinnet. Der kan eit slikt miljøprosjekt inngå i arbeidet med kompetansemålet under fenomen og stoff som seier at elevane skal kunne gjere greie for bruk av nokre energikjelder før og nå og skildre konsekvensar for miljøet lokalt og globalt. Alle dei tre kompetansemåla under teknologi og design kan òg vere aktuelle - etter kva for vinkling elevane ellerdu vel:

  • planleggje, byggje og teste mekaniske leikar, skildre ulike rørsler i leikane og prinsipp for mekaniske overføringar
  • planleggje, byggje og teste enkle produkt som gjer bruk av elektrisk energi, forklare verkemåten og skildre prosessen frå idé til ferdig framstilt produkt
  • gjere greie for korleis ein gjennom tidene har brukt overføring av rørsle til å utnytte energi i vind og vann

Du kan til dømes avgrense prosjektet til å gjelde produkt som er anten mekanisk eller elektrisk drevne - eller ha fokus på produkt som får energi frå vind eller vann. Eit opent, kreativt prosjekt krev at elevane først har fått ei god innføring i dei grunnleggande, faglege prinsippa.

Eit godt utgangspunkt for å tenke miljø er å ta utgangspunkt i lokalsamfunnet. I prosjektet Fornybare Trøndelag får elevane sjå eit framtidsscenario frå 2050 der Trøndelag er den grønaste regionen i Europa (www.fornybaretrondelag.no). Elevane får i oppdrag å finne ut kva for avgjerder som må tas for å komme dit. Sentralt i prosjektet er at elevane skal erfare at dei kan gjere ein forskjell. Deira idear kan faktisk føre til endringar i samfunnet.

Berekraftig teknologi  Fornybare Trøndelag

På Charlottenlund videregåande skule byggjer elevane på bygg- og anleggsfag miljøhus. Huset skal vere energinøytralt i sin totale levetid – altså frå produksjon av materiala, gjennom heile brukstida, til riving og resirkulering. Du kan følge med på og la deg inspirere av byggearbeidet på charlottenlundvgs.blogspot.com.

På nettstaden klimafilm.no finn du filmar om klimaproblematikken. Om filmen Tiltak som verker står det blant anna at Vi må ta i bruk kjent teknologi, utvikle ny teknologi, vurdere kva for tiltaksom verker best og spreie teknologi over landegrenser. Dette synleggjer korleis teknologien spelar ei viktig rolle i klimaarbeidet. I filmen høyrer vi blant anna om utvikling av meir effektive solceller og meir økonomisk CO2-fangst. Filmen kan gje nyttig kunnskap og samtidig vere ein inspirasjon til å tenkje ut løysingar.

Eit samarbeid med lokalt næringsliv vil gjere undervisninga relevant og gje elevane eit innblikk i kva for rolle ulike bedrifter speler i miljøspørsmål. TeknoVisjon er eit døme på eit prosjekt der bedrifter gjev elevar reelle problemstillingar som dei skal løyse. Dersom oppdraget handlar om miljø, kan dette gje ei god kopling mellom teknologi og miljø. Lektor2 -ordninga gjev også gode moglegheiter for ei slik kopling, der fagpersonar frå arbeidslivet vert direkte involvera i undervisninga. Eit konkret eksempel er Stord vidaregåande skule som samarbeidde med Eidesvik Offshore og Wärtsilä Norway. Elevane fekk blant anna omvisning på båten «Viking Lady» som er ein pioner innan brenselcelleteknologi.

Oppsummering

For å utdanne det miljømedvitne mennesket er det viktig at elevane får kunnskap. Like viktig er det å oppmode elevane til handling og at dei klarer å sjå løysingar på miljøutfordringar. Det å få innblikk i miljøspørsmål vil òg gje eit godt grunnlag for å ta avgjerder i eigne forbruksval. Teknologi spelar ei viktig rolle i arbeidet for miljøet.

Nettressurser

(charlottenlundvgs.blogspot.no)
(lektor2.no)