Hopp til hovedinnhold

Designarbabyar?

I dag er det mogleg å bruke preimplantasjonsdiagnostikk (PGD) for å genteste befrukta egg før dei blir sette inn i livmora. Metoden blir brukt for å sikre at par ikkje overfører alvorleg, arveleg sjukdom til sine komande barn. Men kan vi bruke denne metoden til å designe våre eigne barn?

På same måte som friske personar kan genteste seg for risiko for sjukdom, kan ein genteste egg som har blitt befrukta i laboratoriet. Ei føresetnad for å ta i bruk metoden er derfor at ein brukar assistert befruktning.

Ved alvorleg, arveleg sjukdom

Preimplantasjonsdiagnostikk (PGD) blir brukt for å hjelpe par med alvorleg, arveleg sjukdom i familien slik at dei kan få barn som ikkje har denne sjukdomen. Ein sjekkar ikkje for andre sjukdomar når ein testar om dei befrukta egga har genvariantane som gir sjukdommen.

PGD blir utført ved at ein befruktar egg med sædceller i laboratoriet og let dei vekse nokre dagar. Når egga har blitt til 8–10 celler, tek ein ut ei celle som ein brukar til å gjennomføre gentesten for den aktuelle sjukdomen. Når ein har fått testresultatet, tek ein eit av dei befrukta egga som ikkje har sjukdomen og set dette inn i kvinna. Dei andre egga som ikkje har sjukdomsgen frys ein ned slik at dei kan setjast inn seinare.

Gut eller jente?

PGD kan òg brukast til å velje kjønn. Europarådet sin konvensjon om menneskerettigheitar og biomedisin inneheld forbod mot dette med mindre det er snakk om kjønnsbunden sjukdom, det vil seie sjukdomar som berre rammar gutar. Då kan ein få bruke PGD til å velje ut befrukta egg som gir jentebarn. Men vi veit at metoden blir brukt til å velje kjønn utan at det er medisinske grunnar til det i andre delar av verda.

Redningssøsken

Av og til har foreldra allereie eit barn som har arva familien sin sjukdom. Dersom det er snakk om sjukdom som kan behandlast med stamceller, kan ein bruke PGD for å få barn som har same vevstype som det sjuke barnet slik at stamceller frå barnet, for eksempel beinmerg, kan brukast til behandling av barnet. I slike tilfeller sjekkar ein både at det komande barnet ikkje har sjukdomen og at det har same vevstypegen (HLA-gen) som det sjuke barnet.

Blå auge og høg intelligens?

Kan ein så bruke denne medisinske metoden til å velje barn med bestemte eigenskapar utan at det er alvorleg sjukdom inne i biletet, for eksempel for å få barn med blå auge, høg intelligens eller godt gehør for musikk eller språk? Det er fleire grunnar til at dette ikkje er mogleg i dag. For det første blir slike eigenskapar påverka av mange gen og mange miljøfaktorar, og per i dag har vi ikkje nok kunnskap om samspelet mellom gen og miljø til å velje ut befrukta egg med slik eigenskapar. Ein annan ting er at ein måtte hatt veldig mange befrukta egg for å gjere dette, og i dag er det kanskje berre ti modne egg som blir laga når ei kvinne får hormonbehandling før det skal takast ut egg til befruktning i laboratoriet. Den dagen det blir mogleg å ta ut umodne egg og modne tusenvis av egg i laboratoriet kan situasjonen endre seg. Då kan ein òg tenkje seg at ein kan analysere heile arvestoffet til det befrukta egget for å finne den mest «optimale» kombinasjonen. Dersom dette blir mogleg, må ein sjølvsagt spørje seg om det vil vere riktig å ta i bruk dei moglegheitene som finst.

På sikt kan det òg bli mogleg å endre gena i befrukta egg, det vil seie utføre genterapi på dei. Då kan ein tenkje seg at ein erstattar sjukdomsgen med friske gen. Ein kan òg sjå for seg at ein set inn gen for bestemte eigenskapar. Først då ville ein kunne lage ekte designarbabyar, men det er (heldigvis) langt dit. Etter kvart som ein finn ut meir om gena våre, har ein og funne ut at samspelet mellom gena og samspela mellom gena og miljøfaktorar er mykje meir kompleks og finregulert enn ein trudde tidlegare. Derfor vil det kanskje ikkje heller vere mogleg å kontrollere kombinasjonen av gen for å få dei eigenskapane ein ønskjer. Og som vi veit har òg miljøfaktorar stor innverknad på korleis vi utviklar oss.

PGD Copyright © 1997-2007 University of Miami, All Rights Reserved PGD Copyright © 1997-2007 University of Miami, All Rights Reserved

 

Aktuelle læringsressurser (sjå lenkar til høgre på vevsida)

  • Filmen «Befruktning: I mitt bilde?» frå Bioteknologiskolen
  • Filmen GATTACA
  • Debattspel om gentesting av befrukta egg fra Decide

Preimplantasjonsdiagnostikk – PGD

  • Gentesting av befrukta egg.
  • Forkorting a PGD kjem frå det engelske uttrykket «preimplantation genetic diagnosis» .
  • PGD vart introdusert på byrjinga av 1990-talet.
  • På verdsbasis er det født ca. 4000 barn ved hjelp av metoden.
  • PGD kan òg brukast til å få barn som kan donere stamceller til ein sjuk bror eller ei sjuk syster (ofte omtalt som å lage «redningssysken»). Då vel ein befrukta egg som i tilegg til å ikkje ha arveanlegg for sjukdommen òg har same vevstype som det sjuke barnet slik at det sjuke syskenet ikkje skal støyte frå seg cellene. Metoden blir då kalla PGD/HLA (fordi vevstype òg blir kalla HLA-type).
  • I Noreg er det bioteknologilova som regulerer når ein kan få PGD. Den vart endra 1. januar 2008. Forut for dette hadde det vore grundig debattert om ein skulle ha lov til å bruke PGD i Noreg. Ein hadde allereie då teke i bruk metoden, men det var ikkje nedfelt i lova. Ei eiga nemnd, Preimplantasjonsdiagnostikknemnda (PGD-nemnda) vurderer søknader om PGD og PGD/HLA. Sjølve behandlinga føregår i utlandet, fordi vi ikkje har bygd opp denne kompetansen i Noreg blant anna fordi det er så få som treng denne behandlinga kvart år og då ville det ikkje vere økonomisk lønsamt å etablere tilbodet og kvaliteten ville heller ikkje bli god nok.

Nokre etiske spørsmål ved bruk av PGD

  • Kva kan seiast å vere ein alvorleg nok sjukdom til å tillate PGD?
  • Bidreg PGD til at vi får eit sorteringssamfunn der ein vel bort individ med bestemte eigenskapar?
  • Kan eit tilbod om PGD vere stigmatiserande for dei som lever med sjukdommane som blir valde bort?
  • Er det meir eller mindre akseptabelt å velje ut befrukta egg ved hjelp av gentesting enn å bli gravid på naturleg måte og ta abort dersom fosterdiagnostikk viser at fosteret har arveanlegg for alvorleg sjukdom?
  • Er det riktig å bruke PGD/HLA for å lage barn som skal brukast i behandling av sjuke sysken? Korleis påverkar dette oppveksten til det nye barnet? Kvar går grensa for kva det nye barnet skal bidra med?
  • Er det riktig å bruke metoden til ikkje-medisinske årsaker dersom ein har moglegheit til det?

Er bakgrunnsstoff for

Nettressurser